Det ordlause rommet
FRAM - naturlegvis
Å finne ro i det ordlause - av Christine Molven
Som psykiatrisk sjukepleiar består arbeidsdagen min ofte av ord. Ord om det som er vanskeleg, det som gjer vondt og det som kjennest håplaust. Ord som blir sagt, ord som blir skrike og ord som blir tidd i hel. Eg lyttar, eg trøystar, eg rommar og eg går inn i andre menneske sitt mørke. Eg navigerer i eit landskap prega av angst, depresjon, fastlåste tankemønster og er ofte presentert for alt det vonde menneske kan påføre andre menneske. Det er eit privilegium å få ta del i andre menneskes liv på det mest sårbare, men det set spor. Det er ein jobb som krev at eg finn ein stad der mitt eige hovud får fred. Ein stad utan diagnosar og forventningar.
Det stille rommet
I naturen finst ikkje psykiatri. I naturen er det ingen som treng noko av meg. Fuglane krev ikkje tilsyn, trea forventar ingenting og reven ber ikkje om at eg skal forstå han. Naturen dømmer ingen, den berre er.
I naturen endrar eg perspektiv. I staden for å lytte etter det som ikkje blir sagt mellom linjene, fokuserer eg på lyset som bryt gjennom skodda, hjorten som spring over myra eller sola som speglar seg i kaldt og klårt vatn.
I naturen er det instinkt, årstider, luktar og ekte råskap. I naturen er eg berre eit dyr blant andre dyr, ein naturleg del av eit økosystem som har fungert i tusenvis av år utan behov for terapeutiske intervensjonar. I naturen får eg vere ordlaus.
Naturen som motvekt
Me snakkar ofte om å nytte naturen som medisin, som om skogen er eit apotek der me kan hente ut reseptfrie løysingar på det som er vanskeleg. Men for meg handlar nærheten til naturen om noko djupt eksistensielt. Det handlar om å hugse at verda er større enn dei menneskelege problema. Hugse at det finnes ein syklus av liv og død, vekst og forfall, som er vakker i all sin råskap og likegyldighet. Ein syklus som er heilt uavhengig av menneska.
Å søke naturen er ikkje ein flukt frå røyndommen. For meg er det å oppsøke ein annan røyndom for å halde ut i den første. For å kunne vere ei støtte for andre, må eg vere ei støtte for meg sjølv.
Og ofte er den aller beste egenomsorgen å pakke sekken og komme seg ut i naturen.
