2 min read

Når verda er utrygg treng me fast grunn under føtene

Når verda er utrygg treng me fast grunn under føtene

Me lever i ei uroleg tid der nyhetene flaumer over av overskrifter om krig, vold, svolt, liding, smerter og økonomisk usikkerthet. Som psykiatrisk sjukepleiar ser eg korleis det globale verdsbilete flyttar inn i den private stova vår, inn i tankane og livet vårt - og dette gjer noko med oss.

Når verda kjennest utrygg treng me ei motvekt. Noko som er roleg, trygt og uendra. For meg er dette naturen. Skogen bryr seg ikkje om internasjonale konfliktar eller drivstoffprisar. Vinden i trekrunene har den same lyden i dag som for hundre år sidan. Den mosegrodde steinen ligg der han vart plassert av den siste istida.

Menneske er ikkje skapt for å ta inn over oss verdas lidingar 24 timar i døgnet. Me treng pausar frå det uoversiktelige, usikre og utrygge me ikkje rår over. Når eg går ut i naturen handlar det om å regulere nervesystemet. Det handlar om å puste. Å gje hjernen ein pause frå konstante inntrykk og kaos. I naturen får me det eg kallar "mjuk merksemd". I motsetnad til den skarpe, utslitande og krevande konsentrasjonen me brukar på digitale medium, let naturen auga kvile.

Det er stort fokus på beredskap for tida - om vassdunkar, tørrvarer, batteri og toalettpapir. Men beredskap er meir enn hermetikk og fyrstikker. Kva med den mentale beredskapen? For meg handlar mental beredskap om å utvikle sitt eige verktøyskrin og å vite kva ein treng for å ikkje knekke når stormen rasar som verst. Å nytte naturen aktivt som egenomsorg kan bidra til å bygge mental robusthet:

  • Toleransevinduet - naturen hjelper oss å halde oss innanfor det me toler av stress. Ein tur i frisk luft kan dempe følelsen av makteslaushet og auke følelsen av kontroll på eigne reaksjonar
  • Perspektiv - under den opne himmelen vert våre eigne bekymringar ofte litt mindre. Ikkje fordi dei ikkje er viktige, men fordi me ser dei i ein større samanheng
  • Meistring - å tenne eit bål, finne veg gjennom skogen eller berre kjenne at kroppen fungerer i motebakke, gjev oss ei kjensle av å mestre. Det er kanskje den beste motgifta mot kjensla av uro og usikkerhet

Neste gong du kjenner at verdsbilete gjer deg uroleg eller motlaus, legg frå deg telefonen. Gå ut. Finn eit tre, ein bekk eller ein utsiktspost. Pust heilt ned i magen. Det er ikkje å flykte frå røynda. Det er å førebu seg på ho. Skal me klare å stå i ei uroleg verd, må me fyrst finne ro og trygghet i oss sjølve.