Velkommen til FRAM - naturlegvis
Som psykiatrisk sjukepleiar i kommunal rus og psykisk helseteneste møter eg kvar dag menneske som har det vanskelig. Men midt i alt det vonde, ser eg og noko anna: eg ser styrke, enorme ressursar og små glimt av kvardagsglede.
Denne bloggen er min digitale ryggsekk. Her vil eg dele tankar og erfaringar om mental helse, livskvalitet og verdien av å ta faget med ut i naturen. Det handlar ikkje om diagnosar eller avgrensningar, men om kva som gjev følelsen av mestring og styrke til å ta steget vidare.
Enten du er her for fagleg inspirasjon, eit lite pust i bakken eller for å finne ditt eige livsmot - du er hjarteleg velkommen med på turen!